Ledig stilling

Askvoll kommune

Avdelingsleiar - 100% fast stilling ved Bu- og miljøtenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse- og omsorgsetaten i Askvoll kommune søkjer etter avdelingsleiar til Bu- og miljøtenesta. Dette er ei 100% fast stilling frå snarast. Stillinga er delt mellom  administrativt arbeid på dagtid  og 40% sjuke-/vernepleiefagleg arbeid i turnus. Stillinga vert løna etter 35,5 t/veke og vil ha arbeid kvar 3. helg. Vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.

Bu og miljøtenesta har ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustadar, tiltak i heim, koordinatoransvar, BPA, omsorgsløn m.m. Som avdelingsleiar vil du jobbe tett med einingsleiar for tenesta. Vi er i ferd med å starte arbeidet med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver:
Saman med einingsleiar vil du ha

  • Ansvar for dagleg drift
  • Personal- , økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
  • Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
  • Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
  • Vidareutvikling av tenestene
  • Årsturnus
  • Internkontroll

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar og evne til å sette seg inn i og bruke nye system
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Har ei løysningsorientert innstilling
  • Godt humør og positiv innstilling

Vi tilbyr:

  • Sjølvstendig stilling med høve til å delta i utviklingsarbeid
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • God forsikrings- og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot 2 års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
  • Arbeid etter 35,5 t/veke og kvar 3. helg
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.