Company
Øygarden kommuneApplication deadline
02.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6654994Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Ulveset skule er ein barneskule med om lag 370 elevar, fordelt på 16 klassar. Vi har om lag 50 tilsette.
Skulen er ein nynorskskule og har undervisning både på nynorsk og bokmål. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø. Vi held til vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum.
- Vera ein del av leiarteamet ved skulen
- Leia pedagogisk utviklingsarbeidet
- Personalansvar
- Administrative oppgåver knytt til dagleg drift
- Samarbeid etter BTI- modellen til kommunen
- Stillinga har for tida tillagt 25% undervisning
- Vikaransvar
- Rettleiing av personalet
- Godkjent lærarutdanning og erfaring frå undervisning i grunnskulen
- God systemforståing og digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Leiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning
- Erfaring med utviklingsarbeid
- Erfaring som skuleleiar
- Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta , rettleia, motivera, inspirera og setje grenser
- God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
- Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
- God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
- Systematisk, strukturert og målretta
- God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert
- Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette
- Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
- Evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
Vi tilbyr:
- Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel
- Gratis kaffi/te på jobb
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: cecilie.dahl@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
02.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6654994Look here for other jobs from Øygarden kommune
-
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar/ miljørettleiar?
Øygarden kommune
STRAUME -
Er du vår nye miljørettleiar?
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
60% fast pianolærar
Øygarden kommune
STRAUME