• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    25.08.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5839737
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 09.08.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Avdelingsleiar 1-4 Dingemoen skule - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 1.september har vi ledig ei 100% fast stilling som avdelingsleiar for 1.-4. trinn, der inntil 50 % av stillinga er administrasjon. Som avdelingsleiar vert du ein sentral person i den praktiske drifta av skulen. I tillegg til å vere viktig for elevane si læring og utvikling, vil du få eit overordna ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet på avdelinga. 

Vi ynskjer oss ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til pedagogisk utviklingsarbeid. Vi søkjer etter deg som er ein stabil og trygg leiar, som kan samarbeide mot felles mål, er løysingsorientert og som trivast i ein kompleks og travel kvardag. Vi tilbyr ein spanande og viktig jobb i eit hyggeleg, kompetent og engasjert kollegium.

Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med mykje humor og varme og hos oss får du tal del i eit introduksjonsprogram for nytilsette. Vi kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vår nye avdelingsleiar skal ha hovudfokus på 1.-4. trinn og vert ein viktig bidragsytar i utforminga av skulekvardagen for elevar og tilsette. Du vert del av eit leiarteam med rektor som øvste administrative leiar. Administrasjonsdelen vil vere på ca. 50%, og kan variere frå år til år. Resterande stillingsprosent er undervisning.

 Dingemoen skule er ein ny skule med klassar frå 1. til 10. steg. Vi har ca. 265 elevar og ei personalgruppe på ca. 55. SFO er ei eiga avdeling ved skulen, og her går ca. 65 av borna frå 1. til 4. klassesteg. Vi tilstrebar eit tett samarbeid mellom alle på skulen og i SFO, og kan tilby eit godt psykososialt arbeidsmiljø med  positive og inkluderande kollegar.

Høyrest dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

 

Vår visjon er Likskap – Kunnskap – Venskap;
  • Dingemoen skule er ein skule for alle.
  • Dingemoen skule er arena for fag og kunnskap.
  • Dingemoen skule er arena for venskap

 

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Pedagogisk leiing, legge til rette for lærande fellesskap og bidra til heilskapleg og framtidsretta utvikling av skulen vår.
  • Leie og ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
  • Personalansvar og oppfølgingsansvar i høve elevar og føresette
  • Oppfølging av spesial- og sosialpedagogisk arbeid på avdelinga, og kontakt med samarbeidande instansar
  • Administrative oppgåver som timeplanlegging, vikarhandtering, fakturering og liknande.
  • Bidra til å skape eit positivt leike- og læringsmiljø
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Ansvar for å tileigne seg og nytte ny kunnskap
  • Gjennomføring og vidareutvikling av satsingsområde i tråd med rammeplan og LK20.
  • Stillinga krev stor grad av stabilitet

 

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar eller anna godkjent lærarutdanning
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå undervisning og begynnaropplæring
  • Leiarutdanning og/eller erfaring frå leiarstilling, eller at du er villig til å ta slik utdanning
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar
  • Du er ein stabil, tydeleg og engasjert leiar som skapar gode relasjonar med born, føresette og tilsette.
  • Du har godt humør, er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og strukturert
  • Du jobbar sjølvstendig, men er òg ein lagspelar
  • Du har evna til å inspirere, motivere og engasjere medarbeidarane dine.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vi vektlegg at ein er personleg egna for stillinga

 

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    25.08.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5839737
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 09.08.2024