• Företag
    Bergen kommune
  • Ansökningstiden
    27.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5738503
  • Se här för andra jobb från Bergen kommune
  • Uppdaterad 13.05.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Bergen kommune

Avdelingsleder/Avdelingsleiar grunnskule 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Ådnamarka skule er ein barneskule i Arna bydel med rundt 300 elevar. Vi er opptekne av å ivareta heile mennesket og å byggje ein inkluderande skule der læringsarbeidet i aukande grad vert organisert i tema. Elevane skal møte ei tilpassa undervisning som tek i vare fagleg og sosial progresjon. Undervisninga går føre seg i fleksible areal og vi legg til rette for eit støttande læringsmiljø som fremjar kreative, kritiske og robuste elevar. Eit av skulen sine kjenneteikn er at vi har ein kulturell og praktisk tilnærming til læring. Forutan dei kommunale satsingsområda på læring og medverknad, er PALS, LK20 og tilpassing for elevar med stort læringspotensial prioritert utviklingsarbeid på skulen. Ådnamarka skule er ein nynorskskule.

Skulen har ledig fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.24, med ansvarsområde per no for 1.-4.trinn. Du vil bli ein del av et leiarteam med rektor, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar SFO. I leiargruppa har ein eit tett samarbeid med blant anna ansvar for pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, personalleiing og ulike administrative oppgåver.

Kvalifikasjoner:

    * Godkjend lærarutdanning
    * Undervisningserfaring 
    * Skulefagleg leiarerfaring og skuleleiarutdanning er ønskjeleg
    * Reflektert elev- og læringssyn
    * God fagleg og digital kompetanse
    * Gjerne erfaring med PALS
    * Beherske norsk skriftleg og munnleg

    Personlige egenskaper:

      * Du skapar tillit basert på respekt, omsorg, kompetanse og integritet
      * Du er ein robust lagspelar som engasjerer, motiverer og inspirerer elever og kollegaer
      * Du etablerer tillitsfulle og gode relasjonar til elevar og tilsette
      * Du er sjølvstendig, strukturert, uthaldande, løysingsorientert og proaktiv i ein hektisk og uforutsigbar kvardag
      * Du vil bidra til profesjonsfellesskapet og eit godt arbeidsmiljø
      * Du har ein leiarstil som er prega av involvering, openheit, tydeleg kommunikasjon, mot og audmjukheit.
      * Du er lojal, fleksibel, har godt humør og er klar for å yte litt ekstra der det trengs
      * Du viser gode leiareigenskapar
      * Du har evne til langsiktig og heilskapleg planlegging og oppfølging av resultat
      * Personleg eignaheit vil bli vektlagd i rekrutteringsprosessen 

    Vi tilbyr:

    * Ein inkluderande arbeidsplass med rause kollegaer og mykje arbeidsglede.
    * Fagleg og personleg utvikling.
    * Bergen kommune er ein engasjert og profesjonell arbeidsgjevar. Kommunen er ein IA-bedrift.
    * Løn etter gjeldande avtaleverk. 

     

    Søkeord: avdelingsleiar grunnskule, avdelingsleder grunnskole

     

    • Företag
      Bergen kommune
    • Ansökningstiden
      27.05.2024
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Anställningsform
      Permanent
    • Bransch
      Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      5014, BERGEN
      BERGEN
      Norge
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      5738503
    • Se här för andra jobb från Bergen kommune
    • Uppdaterad 13.05.2024