• Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    04.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5789141
  • Se här för andra jobb från Sula kommune
Ledigt jobb

Sula kommune

Autorisert sjukepleiar 69 % fast natt stilling, heimetenesta indre Sula

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser etter ein ny kollega til vår ledige stilling som nattevakt i Heimetenesta indre Sula.

Heimetenesta på indre Sula har totalt 36 medarbeidarar som dekker området frå Vedde til Vegsundbrua. Basen vår ligg ved Nausthaugen, like ved fergekaia i Solavåg. Her har vi kollegaer i ulik alder, med ulik bakgrunn og ulik fartstid. Det vi har felles, er målet om å spele kvarandre gode slik tenestemottakerane får god hjelp av høg kvalitet.   

 

69% stilling utgjer 7 nattevakter på 3 veker. Turnusen er sett opp med samla vakter før èi veke fri, arbeid kvar 3 helg. 

Stillinga er ledig frå 1.september 2024, men oppstart kan tilpassast etter behov. 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om du trur dette kan vere noko for deg. Nyutdanna er velkomne til å søke stillinga.

Kvalifikasjoner:

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må kunne bruke data og ha gode kunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg.
  • Du vil møte framandspråklege pasientar og må difor beherske munnleg engelsk.
  • Krav om førarkort og politiattest.

Personlige egenskaper:

  • Du er god i faget og ein engasjert medarbeidar.
  • Du er trygg i rolla di og kan handtere uventa hendingar.
  • Du er positivt innstilt, imøtekommande og med god framferd.
  • Du er pliktoppfyllande, påliteleg og løysingsorientert.
  • Du har gode samarbeidsevne, men også kunne arbeide sjølvstendig.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø og ei stabil personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme.
  • Gode rutiner for opplæring av deg som nytilsett.
  • Arbeidskle.
  • Kommunale bilar i tenesta.
  • Gode arbeidslokale og gratis parkering.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løn vert det trekt 2% til pensjonsinnskot.
 

  • Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    04.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5789141
  • Se här för andra jobb från Sula kommune