Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
16.08.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3030295Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Assisterende kommunalsjef helse og omsorg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
Sogndal kommune søkjer assisterande kommunalsjef helse og omsorg med sektoransvar for helse og omsorg. Stillinga er ei 100% fast stilling som er ledig frå 1.09.20. Helse og omsorg består av 3 sjukeheimar, 3 omsorgsbasar for heimesjukepleie 3 avdelingar med bu og miljøteneste, vedtakskontor for helse og omsorg, fysio og ergoterapiteneste, psykisk helse og rusteneste, legeteneste. Samla sett er det om lag 500 tilsette i helse og omsorg.
Assisterande kommunalsjef vil sitje i kommunalsjefen si leiargruppe, og ha sektoransvar for helse og omsorg. I sektoransvaret ligg ansvaret for helse og omsorgsektoren si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Vi søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle helse og omsorgsektoren. Helse og omsorgsektoren jobbar med fleire spanande prosjekt, mellom anna; aldersvennlege lokalsamfunn, velferdsteknologi, helseframande arbeid, friskliv, helse og ressursteam for å gjere bruk av faglege ressurser i heile kommunen, samanhengande tenester og pasientforløp, tverrsektorielt samarbeid, fagutvikling. Sogndal kommune har eit tett og godt regionsamarbeid i Sogn. Den som vert tilsett, vil på ulikt vis måtte bidra inn i regionssamarbeid og andre prosjekt innan helse og omsorg i kommunen elles.
Arbeidsoppgåver:
- Utviklings- og kvalitetsarbeid innan helse og omsorg
- Personalansvar for leiarane innan helse og omsorg i Sogndal
- Ansvar for samla økonomistyring i helse og omsorg
- Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver
Sentrale ansvarsområde:
- Følgje opp kommunen sine vedtekne satsingar og prioriteringar
- Sikre at vi følgjer relevant lovverk
Kvalifikasjonar:
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet/høgskule
- Leiarerfaring frå helsesektoren
- Praktisk erfaring og innsikt i helserelatert utviklingsarbeid
- Utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid
- Det er ynskjeleg med leiarutdanning.
Personlege eigenskapar:
- Sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
- Vere løysingsorientert
- Ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie mot felles mål, og kunne nytte potensialet til helse og omsorgssektoren
- Kunne handtere nye utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig og målretta
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtale
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.
Kontaktperson for stillinga er kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, mob. 90843645, e-post: Aslaug.brende@sogndal.kommune.no
Søknadsfrist: 16.08.20
Arbeidsgjevar: Sogndal kommune
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
16.08.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3030295Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.07.2020