Company
Fjaler kommuneApplication deadline
14.12.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6472935Look here for other jobs from Fjaler kommune
Fjaler kommune
Assisterande styrar og pedagogisk leiar i Yksnebjør barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Yksnebjør barnehage ligg midt i Dale i Sunnfjord som er ein triveleg og levande tettstad omgjeven med fjord, fjell og flotte turmoglegheiter rett utanfor døra. Staden har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, gode servicetilbod og eit varmt lokalsamfunn der folk bryr seg om kvarandre. Dale er ein plass der det er lett å trivast - både for familiar, unge og vaksne.
Yksnebjør barnehage har seks avdelingar fordelt på to hus, full av leik, latter og læring kvar einaste dag. Hjå oss møter du engasjerte tilsette som brenn for å skape tryggleik og trivsel for barna
Stilling 1 - Kombinert fast stilling – 40 % assisterande styrar / 60 % pedagogisk leiar
Vi har ledig 100 % fast stilling i Yksnebjør barnehage, der 40% av stillinga er assisterande styrar og 60% er som pedagogisk leiar.
Vi søkjer deg som ønskjer ei variert og utviklande rolle med både administrative oppgåver og tid i det pedagogiske arbeidet ute på avdeling. Som assisterande styrar vil du samarbeide tett med styrar om dagleg drift, kvalitet i tilbodet og fagleg utvikling. Som pedagogisk leiar får du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen. Vi ser etter ein leiar som er trygg i rolla si, tydeleg i kommunikasjonen og som jobbar aktivt for leik, danning og inkludering i barnegruppa i tett samarbeid med kollegaer og føresette.
Vi har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar for barnegruppa, som brenn for leik, danning, inkludering og samarbeid med både kollegaer og føresette. Du må kunne leie det pedagogiske arbeidet og bidra aktivt til eit lærande og profesjonelt miljø.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer at du har utdanning som barnehagelærar.
- Søkjar med treårig godkjent pedagogisk utdanning på høgskulenivå er også velkomen til å søkje
- Dokumenterte norskferdigheiter i medhald til Lov om barnehager, §§ 27 - 28
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest.
Ass.styrar skal støtte styrar i dagleg drift, leiaroppgåver og administrative plikter og vere stadfortredar for styrar i denne sitt fråver. Ansvar og medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
For begge stillingane:
- Medverke i utviklinga av barnehagen sin faglege praksis
- Pedagogisk leiaransvar for ein avdeling: planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid
- Rettleiing og oppfølging av personalet
- Samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
- Delta i barnehagens utviklingsprosess og strategiske arbeid
- Du har evne til å motivere, inspirere og leie i lag med andre.
- Du er strukturert og har ei målretta arbeidsform.
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse.
- Du er god på kommunikasjon og dialog med barn og føresette.
- Du har evne til å sjå- og møte både barn, føresette og tilsette.
Det blir vektlagt at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr- eit inkluderande arbeidsmiljø
- eit sterkt fagmiljø
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- moglegheit for å påverke utviklinga av barnehagen
- løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- støtte til fag og kompetanseutvikling
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
14.12.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6472935Look here for other jobs from Fjaler kommune