Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5966290Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Assisterande styrar/barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga:
Det er frå 01.01.2025 ledig stilling som assisterande styrar/barnehagelærar i 100 % stilling, i Furuli barnehage, Kaupanger. Stillinga blir delt i 60% administrasjon og 40% barnehagelærar.
Arbeidsoppgåver:
Assisterande styrar har i samarbeid med tenesteleiar ansvaret for drift av barnehagen, og er saman med tenesteleiar representant for barnehagen og for verksemda. Assisterande styrar har ansvar for at barnehagen føl gjeldande lover og forskrifter, med særleg vekt på at barnehagen skal gi barna eit trygt, allsidig og godt oppvekst - og utviklingsmiljø. Assisterande styrar er ein del av barnehagen si personal- og administrative faglege leiing.
Stillinga som barnehagelærar vil i hovudsak vera knytt til vikar på avdeling.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar, evt. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Ynskjeleg med tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon, evt. anna relevant tilleggsutdanning/erfaring.
- Beherska relevante og gode IKT-verktøy og system
- Krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskapar
- Krav om politiattest av nyare dato
Personlege eigenskapar:
- Engasjert, positiv, fleksibel og løysningsorientert
- Gode evner til både å arbeide sjølvstendig og å samarbeida
- God relasjonskompetanse
- Gode evner til skriftleg og munnleg dokumentasjon
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5966290Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Pedagogisk leiar/barnehagelærar - Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Assistent/fagarbeidar - Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Fagarbeidar/assistent 60% mellombels stilling - Bulandet barnehage
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Leikanger -
Sjukepleiar
Sogndal kommune
Leikanger