• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    03.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6686414
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
Ledigt jobb

Hå kommune

Assisterande styrar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 1. oktober 2026 ønskjer me ein barnehagelærar med funksjonstillegg som assisterande styrar som kan vere med å bidra til at det i Lensmannsgarden barnehage er godt å vere både liten og stor. Me leiter etter ein strukturert, lærevillig og modig assisterande styrar. Nokon som toler stress, høgt tempo og som spelar andre gode.

Lensmannsgarden barnehage er ein barnehage på Varhaug. Me har nyleg utvida frå fire til fem avdelingar, og hausten 2027 får me ein flunkande ny avdeling i tillegg. Dette er ei spennande tid for barnehagen, med utvikling, vekst og mange moglegheiter.

Er du flink med folk, finn du glede i å få andre til å lukkast, og trivst med å skape struktur og framdrift i ein travel kvardag? Då kan dette vere stillinga for deg.

Om stillinga
Som assisterande styrar vil du vere ein viktig samarbeidspartnar for styrar, leiergruppa og resten av personalgruppa. Du vil bidra til at den daglege drifta fungerer godt, følgje opp rutinar og system, og vere med på å vidareutvikle barnehagen som organisasjon. Stillinga er no ca. 30% i administrasjon og 70 på avdeling. Administrasjonsdelen vil auke når barnetalet aukar hausten 2027.

Du må kunne handtere fleire oppgåver samtidig, ta ansvar når det trengst, og bidra til å finne gode løysingar i både små og store saker. Me ønskjer oss ein person som er trygg nok til å ta avgjersler, men audmjuk nok til å lytte til andre. Me er i gong med ein prosess for å lage gode team i barnehagen. Me bruker NHH (Norsk Handelshøgskule) sitt verktøy Start Smart (NHH-Start Smart) og du vil vere ein viktig brikke i arbeidet med å styrke og utvikle avdelingsteam og leiargruppa.

Kvalifikasjonar
• Godkjend barnehagelærarutdanning.
• Erfaring frå arbeid i barnehage.
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
• Interesse for organisasjonsutvikling og kvalitetsarbeid.

Personlege eigenskapar
Me ønskjer ein person som:
• Har gode strukturelle evner og kan jobbe sjølvstendig.
• Likar å arbeide med dokumentasjon, turnus og skriftlege planar.
• Kan sjå framover og førebu seg godt.
• Er lærevillig og interessert i å utvikle både seg sjølv og organisasjonen.
• Er audmjuk og oppteken av å spele andre gode.
• Er villig til å vere sårbar, ekte og open.
• Har gode samarbeidsevner og skapar tillit rundt seg.
• Taklar stress og høgt tempo på ein god måte.
• Har gjennomføringsevne og evne til å halde oversikt i ein travel kvardag.
• Er positiv, løysingsorientert og fleksibel.

Me tilbyr
• Ein spennande leiarstilling i ein barnehage i vekst.
• Moglegheit til å påverke utviklinga av barnehagen i åra som kjem.
• Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø.
• Ein kvardag med mykje ansvar, tillit og variasjon.
• Lønn etter gjeldande tariffavtale.

Litt om Lensmannsgarden barnehage
Lensmannsgarden barnehage ligg sentralt på Varhaug og er ein barnehage med stort engasjement for både barn, foreldre og tilsette. Hjå oss skal det vere godt å vere både liten og stor. Me ønskjer å byggje ein kultur prega av tryggleik, utvikling, glede og gode relasjonar.
Me trur at dei beste resultata kjem når menneske får vekse saman, lære av kvarandre og bidra med det dei er gode på. Difor er me opptekne av å skape eit arbeidsmiljø der ein både kan lukkast, feile, lære og utvikle seg.

Me gler oss til å høyre frå deg!

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    03.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6686414
  • Se här för andra jobb från Hå kommune