Ledig stilling

Ål Kommune

Assisterande styrar

Offentlig forvaltning

Sundre barnehage har 6 avdelingar, totalt 108 plassar og ca 34 årsverk. Sundre barnehage har assisterande styrar i 100% stilling.

I Sundre barnehage

  • Skal vi sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen.
  • Skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov.
  • Ser vi på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande i leiken til barna.
  • Ynskjer vi ein kvardag der positivitet og glede står i fokus.

Les meir om barnehagen, oppvekstsektoren og Ål kommune på kommunen sine heimesider;  www.aal.kommune.no/

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Assisterande styrar rapporterer til styrar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide tett med styrar i kvardagen og bidrar aktivt i leiargruppa og personalgruppa til å vidareutvikle barnehagen og det pedagogiske arbeidet.
  • Bidra til å vidareutvikle tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar i kommunen.
  • Ansvar for å følgje opp administrativ oppgåver knytt til brannvern, miljøretta helsevern og helse, miljø og tryggleik barnehagen.
  • Ansvar for bemanningsplanar og oppfølging kortidsfråver.
  • Andre arbeidsoppgåver delegert frå styrar.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
  • Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning.
  • Leiarerfaring.
  • Digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som

  • Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
  • Er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt.
  • Er oppdatert innanfor barnehagefeltet.
  • Er resultat- og løysingsorientert.
  • Har god økonomisk forståing.
  • Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid.
  • Er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats.
  • Er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver.
  • Har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar.
  • Har god formidlingsevne muntleg og skriftleg.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
  • Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Fokus på natur, friluftsliv og kultur.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
  • Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
  • Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
  • Leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde.
  • Moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!