Company
Øygarden kommuneApplication deadline
02.07.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Klokkarvik
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
2987524Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 19.06.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Assisterande styrar 100% fast - Klokkarvik barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Klokkarvik barnehage har ledig 100% fast stilling frå snarast. 40% av stillinga er lagt til leiing, 60% til pedagogisk arbeid med barna.
Arbeidsoppgåver:
- Følgje opp og utvikle det pedagogiske arbeidet i tråd med nasjonale føringar
- Administrative og personaloppgåver delegert frå styrar
- Arbeide for eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Vidareutvikle fagmiljøet og delta i leiarteam
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3- årig høgskuleutdanning barnehagelærarar eller anna relevant pedagogisk utdanning
- Erfaring frå barnehage
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå leiing og/eller prosjektarbeid
Personlege eigenskapar:
Vi treng ein assisterande styrar som er god på struktur, er fleksibel og har god IKT kompetanse. Du må ha høy grad av relasjonskompetanse både opp mot foreldre, barn og tilsette. Tenke innovativt, vere nysgjerrig, fagleg sterk og ha godt humør, er eigenskapar som vi er på jakt etter.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Anna:
- Godkjent politiattest må framvisast før tilsetjing
- Må kunne jobbe i barnehagen si opningstid
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
02.07.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Klokkarvik
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
2987524Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 19.06.2020