• Company
    Voss folkehøgskule
  • Application deadline
    14.04.2020
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Utdanning, undervisning og Forskning
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5704, VOSS
    VOSS
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2834659
  • Look here for other jobs from Voss folkehøgskule
  • Updated 23.03.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Voss folkehøgskule

ASSISTERANDE REKTOR VOSS FOLKEHØGSKULE

Utdanning, undervisning og Forskning

Stiftinga Voss Folkehøgskule søkjer ny assisterande rektor frå 01.08.20. Stillinga som assisterande rektor byr på spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Som rektor sin næraste medarbeidar er du aktivt med i leiinga av skulen og den pedagogiske utviklinga av skuletilbodet.

Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule og vi ønskjer ein medarbeidar med eit raust og ope menneskesyn. Utvikling av det sjølvstendige og deltakande menneske står i sentrum. Den gode, opne samtala er sentral i utviklinga av den einskilde elev.

Vi søkjer etter deg som har eit hjarte for folkehøgskulen, som trivst i lag med unge vaksne og kan vere ein tydeleg og involverande vaksenperson i deira liv.

Stillinga er 100% og delt mellom 50% leiing/administrasjon og 50% undervisning.

Pedagogikk er eit krav. Skulen treng spesielt kompetanse innafor musikk- og kulturfag, filosofi og/eller samfunnsvitskaplege fag.

Erfaring frå folkehøgskulen er ein fordel, men ikkje eit krav.

Voss Folkehøgskule ligg vakkert til ved Vangsvatnet like utanfor Vossevangen. Skulen har omlag 100 elevar fordelt på 6 linjer. Det er 9 lærarar og totalt 22 tilsette. Sjå voss.fhs.no

Løn etter avtale.

Nærare informasjon: rektor Mai-Evy Bakken 958 39 487 / styreleiar Unn Fauskanger 918 02 952.

Send søknad med fullstendig CV, attestar og referansar til Styret for Stiftinga Voss Folkehøgskule, post@voss.fhs.no

Søknadsfrist 14. april 2020

 

  • Company
    Voss folkehøgskule
  • Application deadline
    14.04.2020
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Utdanning, undervisning og Forskning
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5704, VOSS
    VOSS
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2834659
  • Look here for other jobs from Voss folkehøgskule
  • Updated 23.03.2020