Voss folkehøgskule
Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 110 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.
Velkomen til eit sosialt og lærerikt år, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!
- Frilynt skule med 110 elevar og 8 linjer - kvalitet sidan 1895
- Vi er ein frilynt skule: Det vil seie fordomsfri og tolerant
- Stor fagleg bredde og variert miljø gir ein unik miks av ungdom og lærarar
- Eit pedagogisk personale i "elitedivisjon" på kompetanse og utdanning
- Elevar med ulik bakgrunn frå heile landet
Våre linjer:Film & Foto, Idrett & Friluftsliv, Data, Data & Friluftsliv, Musikk & Friluftsliv, Ekstremsport, Ekstremsport Luft og Verda vi skaper.
Timeplanen er variert:
• morgonsamling: kvar dag
• linjefag: 3 dag
• valfag: 1 dag
• fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar
• laurdagsseminar dei fleste laurdagane
• elevkveldar
• linjeveker
• prosjekt
• reiser
Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.
Skulen er godt utstyrt med
• musikkstudio for innspeling
• kino
• datarom
• spesialrom for trearbeid/ sløyd og keramikk
• peisestove
• tv-stove
• vaskerom
• styrkerom
• gymsal
• ein støl på fjellet ved Uppsete på Bergensbanen og ei hytte nær skulen
• gode avtalar med eit lokalt treningssenter og med Voss Resort og skibakkane der
Kulturlivet på Voss byr på
• konsertar og arrangement
• kjende band og artistar
• nytt bibliotek og kino
• Vossa Jazz
• Osafestivalen
• Ekstremsportveko
Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus og offentleg transport.
Dette står vi for
Voss folkehøgskule vil bidra til personleg utvikling og kompetanse du treng i vaksenlivet. Vi vil gje deg:
Frihet til å lære
Muligheit til å prøve
Rom til å utvikle deg
Tid til fordjupning
Bli med i vår Kandidatbank
Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.
Ledige stillinger
Vi har for tiden ingen ledige stillinger.