Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
23.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6055780Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Assisterande rektor
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å jobbe i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg! Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver, og god pensjons- og forsikringsordning.
Førde ungdomsskule (FUSK) har ca. 300 elevar og 45 tilsette. Skulen har høg trivsel både blant elevar og tilsette. FUSK er rett og slett ein bra plass å vere!
No søker vi etter:- assisterande rektor i 100 % fast stilling
Vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø, og legge til rette for eit godt arbeidsmiljø for tilsette. Du må kunne vere med på å leie læreplanarbeid, drive systemarbeid og vere ein pådrivar for profesjonsutvikling.
Leiinga ved skulen består av rektor og assisterande rektor. Det er tre trinnleiarar ved skulen, og dei har den daglege vikarhandteringa. Den utlyste stillinga er for tida delt i 60 % leiingsressurs og 40 % undervisning.
Kvalifikasjonar:- godkjent pedagogisk og fagleg kompetanse for undervisning i grunnskulen
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- gode IKT- ferdigheiter
Relevant leiarerfaring, og personlege eigenskapar som evne til samarbeid, samskaping og dialog, vert vektlagt. Det er ønskeleg at den som vert tilsett har leiarutdanning, eller er villig til å ta slik utdanning.
Vitnemål og attestar skal lastast opp i søkarbasen. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Politiattest av ny dato skal leggast fram før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
23.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6055780Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune