• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    10.10.2020
  • Position function
    Assisterande rektor
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3177055
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 24.09.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Assisterande rektor 2

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde barneskule ligg i Førde sentrum i Sunnfjord kommune. Skulen er ein barneskule for 1-7, med om lag 265 elevar og 45 tilsette.

På skulen er det innføringsklasse for nyankomne elevar frå Førdeområdet, og SFO har to avdelingar med til saman 132 barn. Det er tett samarbeid mellom SFO, innføringsklasse og skulen i oppfølging av elevane våre. Skulen har eit godt arbeidsmiljø. Det er god delingskultur og ei stabil personalgruppe.

 Det er vektlagt at alle som arbeider på Førde barneskule skal ha ein felles pedagogisk plattform, og dei faste tilsette ved skulen har gjennomført kurs i inkluderande skulemiljø. Skulen deltar i kursverksemd og utdanning for å utvikle oss vidare, og refleksjonar i personalgruppa er vektlagt i utviklingsarbeida.

Vi har no ledig stilling som assisterande rektor 2

Organiseringa av leiinga blir rektor og to assisterande rektorar med fordeling av oppgåver internt. Det er eit tett samarbeid med avdelingsleiar 1-4 og 5-7 og SFO-leiar. Stillinga utgjer 100 % med 40 % leiarressurs og 60 % undervisning.

Krav til søkar:
  • pedagogisk utdanning
  • undervisningskompetanse
  • erfaring frå undervisning i grunnskulen

Vi søker etter ein tydeleg leiar med gode arbeidsevner og relevant utdanning.

Du må:
  • vere utviklingsorientert og ha gode evne til å bygge relasjonar i organisasjonen
  • kunne følge opp skulen sine kjerneverdiar, og praktisere dei i skulekvardagen   
  • vere fleksibel, strukturert, systematisk og effektiv i kvardagar som til tider har eit høgt arbeidstempo 
  • vere inkluderande og kunne utvikle tilsette gjennom rettleiing.    

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi ønsker at:
  • du har leiarutdanning, eller forpliktar deg til å ta utdanning innan rimeleg tid
  • du har utdanning innan spesialpedagogikk, norsk, engelsk og matematikk
Arbeidsoppgåver:
  • Undervisning i 1-7
Som assisterande rektor 2 vil du mellom anna få følgande oppgåver:
  • IKT og systemarbeid
  • administrative oppgåver
  • oppfølging av spesialundervisning
  • oppfølging av tilsette

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

 

 

 

 

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    10.10.2020
  • Position function
    Assisterande rektor
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3177055
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 24.09.2020