• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    11.01.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6491336
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Assisterande einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord bu- og avlastingsteneste yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Arbeidsoppgåvene varierer ut i frå den enkelte sitt funksjonsnivå. Vi gjer alt frå medisinske prosedyrar, fysisk trening, utfordringar knytt til åtferd, rettleiing og det som elles følger med i dagleglivet.

Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, lærarar, barnehagelærarar, vernepleiarar, sjukepleiarar, barnevernspedagogar og sosionomar. Vi arbeider tett med instansar i kommunen og spesialisthelsetenesta. 

Vi søker no etter:
  • assisterande einingsleiar

Stillinga er knytt til miljøet som miljøterapeut/leiing og administrasjon (50/50).

Krav til søkar:
  • 3-årig helse-/sosialfagleg høgskuleutdanning
  • beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • god erfaring med ulike offentlege dataprogram
  • god kjennskap til, og erfaring med, turnusarbeid
  • god kunnskap og lang erfaring med arbeid med barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar
  • god på samarbeid med føresette, barn/unge og samarbeidspartar
Vi søker deg som er:
  • tålmodig då ingen dagar er like
  • raus og ivaretakande 
  • strukturert og effektiv
  • god på kommunikasjon og samhandling
  • læringsvillig og utviklingsorientert
  • lojal og god på å motivere  dine medarbeidarar
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • leie den daglege drifta i eininga i samarbeid med einingsleiar
  • utarbeide turnus, fordele arbeid og oppgåver til dei tilsette
  • ansvar for innleige av personale
  • medansvar for faglege vurderingar og rettleiing av personale
  • samhandling med tenestemottakarar og pårørande
  • samarbeid med eksterne og interne aktørar
  • delta i økonomistyringa for eininga i samarbeid med einingsleiar

Vi kan tilby ein god arbeidsplass der dei ansatte vil kvarandre vel. Her er spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Du vil få god opplæring og innføring i aktuelle dataverktøy. 

I Sunnfjord kommune har vi god pensjon- og forsikringsordning. 

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    11.01.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6491336
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune