Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
28.09.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4098774Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 15.09.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Assisterande einingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du god til å motivere, engasjere, skape fellesskapskjensle, og likar du samstundes å ta ansvar?
Då kan dette være stillinga for deg!
Førde heimeteneste, eining 1 held til på Førde omsorgssenter og yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombrining og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 75 omsorgsbustader tilknytta Førde omsorgssenter. Heimetenesta har fokus på implemetentering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode heimetenester til bebuarane! Vi ynskjer å finne ein dyktig assisterande einingsleiar som vil vere med på å vidareutvikle Førde heimeteneste eining 1!
Eininga har vel 34 årsverk fordelt på 60 tilsette. Assisterande einingsleiar vil arbeide tett saman med einingsleiar og vil samtidig få mykje sjølvstendig ansvar. Stillinga innebær dagarbeid.
Krav til søkar:- sjukepleiar. Andre med 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning kan og søke på stillinga.
- beherskar godt norsk muntleg og skriftleg
- har gode datakunnskapar
- erfaring med ressursstyringssytem
- erfaring med journalsystem
- leiarutdanning – eller erfaring
- erfaring/kjennskap med utarbeiding av turnus og regelverk knytt til dette
- leie den daglege drifta i eininga i samarbeid med einingsleiar
- fordele arbeidsruter og oppgåver til dei tilsette
- utarbeiding av turnus
- ansvar for innleige av personale ut i frå bemanningsplan
- medansvar for faglege vurderingar og rettleiing av personalet
- samhandling med tenestemottakarar og pårørande
- samarbeid med interne og eksterne aktørar. Vi samarbeider tett med tildelingseininga i kommunen
- delta i møter med aktuelle samarbeidspartar
- delta i økonomistyringa for eininga i samarbeid med einingsleiar
- har stor arbeidskapasitet
- er ein pådrivar og lagspelar for eit godt arbeidsmiljø
- trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- er lojal og flink til å motivere
- er strukturert og effektiv
- har engasjement for arbeidet
- er endringsvilleg, løysingsorientert og fleksibel
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi kan tilby:- engasjerte medarbeidarar som vil utvikle Førde heimeteneste eining 1 vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- varierte arbeidsdagar
- god pensjons- og forsikringsordning
- løn etter avtale
- samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT)
Politiattest må leverast før start i stilling.
Du må søke elektronisk, og søknaden må innehalde referansar.
Velkomen som søkjar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
28.09.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4098774Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 15.09.2021