• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    11.04.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5086596
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 22.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Assistent, sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Lindås Bu og servicesenter søkjer vi etter personar som ønskjer å ha ei helgestilling på sjukeheim. Vi kan tilby arbeid i snitt kvar 2. eller kvar 3. helg.

Lindås bu og servicesenter 

Lindås bu- og servicesenter er ein langtidsavdeling med 25 plassar. lokalisert på Lindås i Alver kommune. Hos oss er pasientane inndelt i to grupper, ei gruppe som er somatisk, og ei gruppe for personar med demenssjukdom. Vi er stolt av dei gode tenestane vi leverer til pasientane som er hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av at vi har godt samhold, og at vi er fleksibel og løysingsorientert.

Arbeidsoppgåver

Som tilsett ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til bebuarar med langtidsplass på sjukeheim. Oppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkleding, forflytning og
måltider. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kompetanse

Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid i sjukeheim eller anna omsorgsarbeid. Vi ser og særleg etter deg som er under helsefagleg utdanning, eller har ambisjonar om å gjere dette i framtida. 

Krav om gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. 

Personlege eigenskapar

Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom å ha fagleg fokus, vere løysingsorientert og fleksibel. Du er samvitsfull i din utøving av yrket.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    11.04.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5086596
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 22.03.2023