• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    18.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5978130
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Fjaler kommune

Assistent i Miljøtenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobbe for gode tenester til personar med utviklingshemming, og legge til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere den vi ser etter.

Miljøtenesta har no ledig ei 100 % fast stilling. Som assistent i Miljøtenesta vil du ta del i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er moglegheit for å jobbe langvakter i turnus om du ønskjer det. Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet slik at arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukarane
  • Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Journalføring og dokumentasjon
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
Kvalifikasjonar
  • Ønskjeleg med relevant erfaring 
  • Førarkort kl. B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du må bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø
  • Engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming

Vi legg vekt på at ein er personleg egna til stillinga.

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter ansiennitet og relevant utdanning 
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    18.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5978130
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune