• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    30.09.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4758492
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 09.09.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Assistent - helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga 

Ønskjer du å jobbe i ein sjukheimsavdeling? Vi søkjer etter deg som liker å jobbe med mennesker og vil bidra til at sjuke og eldre får ein så god kvardag som mogleg.

Vi har no ledig faste helgestillingar som assistent på Meland sjukeheim på avdeling Nordgardstunet og på Lerketunet i 14-20 % stilling med arbeid kvar 3. helg.

Stillingane kan f.eks. passe godt for sjukepleiestudentar som ønskjer helgestilling medan ein er i utdanning. 

Om Meland sjukeheim

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse. 

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. 

Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. VI legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver

Med fast helgestilling er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling til pasientane våre. Du vil være med og gi individuell oppfølging av pasienter, slik at dei kan få utnyta sine einge ressurser. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjørende for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. 

Kompetanse

  • Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller anna omsorgsarbeid
  • Under helsefagleg utdanning, eller ønskje om å ta helsefagleg utdanning
  • Du har gode norskkunnskaper

Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom fagleg fokus, løysingsfokus og fleksibilitet. 

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Sjuke- og vernepleiestudentar får eigen lokal studentløn ihht. beståtte studiepoeng
God pensjonsordning
Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    30.09.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4758492
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 09.09.2022