Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
28.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5954288Se här för andra jobb från Vestnes kommune
Vestnes kommune
Assistent – 85 % vikariat – Helland barneskule og SFO
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Det er ledig 85 % vikariat som assistent ved Helland barneskule og SFO for perioden 01.01.2025-31.07.2025.
Det er ønskeleg at du har utdanning som barne- og undomsarbeidar, men andre søkjarar vil og bli vurdert.
Stillinga er knytt til arbeid både på skulen og SFO. Ein må pårekne å kunne arbeide både før og etter skulestart, samt i ferieope tilbod.
Arbeidsoppgåver
- bistå elevar i skule og SFO kvardagen
- praktisk hjelp og tilrettelegging
- bistå elevar som treng tett oppfølging grunna særskilte hjelpebehov
Kvalifikasjonar
- det er ønskeleg at du har utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men andre søkjarar vil og bli vurdert.
- erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder og SFO
- kunne bidra til at eleven får god deltaking i skulekvardagen
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- det blir stilt krav om politiattest
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- evne til relasjonsbygging
- takle utfordrande situasjonar
- konfliktførebyggjande og dempande- åtferd
- er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er stabil og fleksibel
- har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- eit godt arvbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn etter gjeldande regelverk
- pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.
Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
28.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5954288Se här för andra jobb från Vestnes kommune