• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    20.09.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4077809
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 06.09.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Assistent - 60 % fast og 50 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 60 % fast og ei 50 % fast stilling som assistent frå snarast råd. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Om Manger heimeteneste

Manger heimeteneste har base på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Heimetenesta har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar og assistentar. Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Kompetanse

  • Førarkort klasse B

Du har gjerne erfaring frå eldreomsorg, eller som assistent innan helse og omsorg. Du er inspirerande og engasjert i eldreomsorg. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Humor og humør
  • Tilsetjing i samsvar med gjelande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    20.09.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4077809
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 06.09.2021