Ledig stilling

Sogndal kommune

Arealplanleggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune søkjer ein engasjert arealplanleggar som vil vere med å utvikle gode lokalsamfunn i hjartet av Sogn. Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Våre om lag 1300 medarbeidarar jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for både innbyggjarar og tilsette. 

 

Om stillinga 

Som arealplanleggar hjå oss får du ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas tettstader og bygder. Me ønskjer å skape stadar som gir høg livskvalitet for både fastbuande og tilreisande, tek omsyn til miljøet og stimulerer til skaparkraft og engasjement hjå innbyggjarane våre. 

Du koordinerer planprosessar frå kommunen si side og sørger for god dialog med utbyggjarar, konsulentar, regionale fagetatar, interne fagpersonar og innbyggjarar. Målet er å sikre ein effektiv og god reguleringsplanprosess som følgjer kommunen sin arealplan og samfunnsplan (sjå utfordrarbygda.no). 

Du vert ein del av planteamet vårt, der me finn løysingar saman, støttar kvarandre og gir rom for fagleg vekst. Me jobbar langsiktig for å tilby gode tenester til både utbyggjarar og innbyggjarar. Kontorlandskapet vårt på Campus i Sogndal deler me med andre fagområde. Framtidig lokalisering vil vere i Sogndal og/eller på Leikanger. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Plansakshandsaming etter plan- og bygningslova. I hovudsak detaljreguleringsplanar, men også noko dispensasjonar og overordna planarbeid

  • Følgje planprosessane frå initiativ til endeleg vedtak 
    - Bidra til ein god og effektiv planprosess 
    - Koordinere dialogen mellom partar i prosessen, inkl. medverknad frå offentlegheita 
    - Jobbe for at planarbeida ivaretek kommunen sine overordna mål og føringar, og bidra til gode løysingar
    - Førebu politiske saker og legge dei fram for politisk leiing 

  • Delta aktivt i planteamet ut frå rollene ein får tildelt i teamet. Bidra til at planteamet jobbar strategisk og langsiktig for å nå måla våre

  • Samhandling med andre fagområde i kommunen, særleg byggjesak, oppmåling, miljø, landbruk, eigedom, VA og trafikk

  • Bistå innbyggjarar som ber om hjelp frå kommunen 

  • Moglegheit for å delta i andre team i kommunen 

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelorgrad i planlegging, stadutvikling eller annan relevant utdanningRelevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskrav. Masterutdanning er ønskjeleg. 

  • Arbeidserfaring innanfor planområdet er ønskjeleg. 

  • Erfaring frå andre relevante fagområde som stadutvikling, trafikk, VA, arealforvaltning, GIS, arkitektur, planjuss, byggjesak og anna offentleg forvaltning er også relevant. 

  • Førarkort klasse B er ønskjeleg 

 

Personlege eigenskapar. Me ser etter deg som

  • er ryddig og strukturert, og har oversikt i sakene dine 

  • er løysingsorientert, sjølvstendig og har god framdrift 

  • kommuniserer lett og godt med andre skriftleg og munnleg, på norsk 

  • evnar å sette deg inn i og handterer komplekse prosessar og til tider stor saksmengd 

  • har god rolleforståing, er positivt innstilt og jobbar mot kommunen sine mål 

  • er venleg mot kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

  • er omstillingsvillig når det kjem til organisering og lokalisering 

 

Me tilbyr

  • Løn etter avtale 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Fleksitid og moglegheit for avspasering ved sol og pudderføre 

  • Moglegheit for heimekontor delar av tida 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb h oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.