• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    23.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044755
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Arealplanleggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du interessert i å arbeide med spanande og utfordrande oppgåver innan planlegging og byggesak? Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som arealplanleggar ved teknisk kontor.

Hovudoppgåver vil vere knytt til private reguleringsplanar, dispensasjonar, delingssaker og handsaming av saker etter anna lovverk. Handsaming av mindre byggesaker kan og bli lagt til stillinga. Vi ser etter deg som trivast med eit høgt tempo, har god kompetanse på planarbeid, gjerne også med erfaring frå offentleg sektor. Kommuneplanen sin arealdel vart vedteken i 2024 og nye spennande planar står for tur. Vi har fleire private planar i oppstartsfasen og stor pågang av saker til handsaming.

Vil du vite meir om stillinga og korleis vi jobbar i avdelinga? Ta gjerne kontakt med oss, vi ser fram til å høyre frå deg. 

 

Arbeidsoppgåver
  • Saksbehandling av private reguleringsplanar
  • Saksbehandling av dispensasjons- og frådelingssaker
  • Oppgåver i samarbeid med fagansvarleg plan på kommunale planar
  • Oppgåver i samarbeid med byggesak 
  • Saksbehandling av saker etter anna lovverk som konsesjonssaker innan akvakultur og vassdragssaker
  • Miljø- og klimaarbeid
  • Rettleiing av publikum
  • Andre relevante arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå (bachelor eller master) som arealplanleggjar eller anna relevant høgare utdanning
  • Relevant erfaring innan offentleg forvaltning, planlegging og GIS blir vektlagt
  • God kjennskap til plansystemet og relevant lovverk
  • Kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Strukturert
  • Trivast med å finne gode løysingar i arbeidskvardagen
  • Dedikert til faget og oppgåvene dine
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Eit aktivt arbeidsmiljø saman med engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon.
Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    23.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044755
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune