• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    13.06.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3885498
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 27.05.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Arbeidsleiar og rettleiar i prosjektet «Jobblyst»

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% stilling som arbeidsleiar og rettleiar i prosjektet «Jobblyst» i Sogndal kommune. Stillinga er første omgang fram til april 2022, med mogleg forlenging i inntil eitt år. Det kan vere høve for fast tilsetting etter avslutta prosjektperiode. Målet for dette prosjektet er at unge under 30 år med økonomisk sosialhjelp skal få eit heilskapleg tilbod om arbeid og aktivitet

NAV Sogndal har etablert ein ungdomsbase i Fjørevegen 17. Ungdomsbasen skal vere ein uformell møtestad der NAV skal legge til rette for tett oppfølging med mål om arbeid og aktivitet.

Stillinga vil inngå i ungdomsteamet v/NAV Sogndal, og ha ansvar for arbeidsretta tiltak og individuell oppfølging ved ungdomsbasen.

Arbeidsstad: Fjørevegen 17 og NAV Sogndal

Arbeidsgivar er leiar i NAV Sogndal.

 

Arbeidsoppgåver

· Ansvar for dagleg drift av aktivitetstiltak for unge under 30 år,

· Samarbeid med dei ulike einingane i Sogndal kommune og Frivilligsentralen om arbeidsoppdrag og aktivitetar

· Samarbeid med lokalt næringsliv og bedrifter

· Engasjere og motivere ungdom i målgruppa

· Jobbe systematisk med å utvikle tilbodet

· Individuell oppfølging og rettleiing av unge i målgruppa

· Vere arbeidsleiar og delta i oppgåvene som vert tildelt frå kommunen

· Bidra til å etablere gode rutinar for samarbeidet med Sogndal kommune og andre om tilgang på arbeidsoppdrag og gjennomføring av aktivitetane.

· Fortløpande evalueringar av prosjektet saman med prosjektgruppe, NAV og Sogndal kommune

 

Kvalifikasjonar

· Utdanning er aldri ei ulempe, men det er ikkje spesifikke krav til utdanning eller utdanningsretning

· Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt

· Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som

· har særs gode samarbeidsevner og kan motivere ungdommar

· er initiativrik, fleksibel og løysingsdyktig

· er positiv og nysgjerrig

· kan skape gode relasjonar og tillit i møte med alle slags menneske i ulike miljø

· har erfaring frå eller interesse for rettleiing og rettleiingsmetodikk

 

Personlege eigenskapar vert vektlagd

 

Vi tilbyr

· Spennande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde

· Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø

· Tilsetting i tråd med kommunalt regulativ (Sogndal kommune).

 

 

NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gi menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynsker meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynsker at alle kvalifiserte kandidatar søkjer jobb hjå oss. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søke jobb hjå oss. De er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Søkjarar som tilkjennegir at de har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en, vert gjort merksam å at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad dersom vedkomande blir tilsett. Vi gjer merksam på at CV blir nytta til utvida søkjarliste. Dersom du ynsker å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    13.06.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3885498
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 27.05.2021