• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5728172
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Aktivitør ved Miljøterapitenesta, Gol arbeidssenteret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % fast stilling

Miljøterapitenesta gir tenester til barn og vaksne med utviklingshemming, autismespekter-diagnosar og andre funksjonsnedsettingar. Vi legg vekt på brukarmedverknad der aktivitetar i dagleglivet (ADL) er viktig. Vi har også fokus på fysisk aktivitet, godt kosthald og eit godt og meiningsfylt liv for den enkelte.

Gol arbeidssenter er eit område i Miljøterapitenesta og er eit dag- og aktivitetstilbod til barn og vaksne med nedsett funksjonsevne. Vi ynskjer å skape ein meiningsfylt kvardag med engasjement og arbeidsglede for våre brukarar. Vi søkjer ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringa og kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Vi søkjer:
Aktivitør i 100 % fast stilling med dagtid i kvardagar og 3. kvar helg i Helsetunvegen.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Sørge for at tenestemottakar opplever meistring, tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Andre arbeidsoppgåver kan tileignast stillinga

Kvalifikasjonar:
• Aktivitør
• Eventuelt helsefagleg utdanning innanfor helse og sosial eller pedagogikk
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med menneske med autisme og utviklingshemming
• Arbeidsglede og engasjement
• Gode samarbeidsevner
• Kompetanse i behovskartlegging og utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Førarkort kl. B

Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)

For stillinga gjeld:
• Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5728172
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune