• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    31.07.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5796968
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 10.07.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hå kommune

Aktivitetskontakt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du aktivitetskontakten me søker etter? Du som er trygg i møte med menneske, og som er oppteken av at andre skal meistra og ha ein god dag?

Hå kommune har inngått avtale med Torvholen gard på Salte, om «Inn på tunet»-tenester til innbyggarar med demenssjukdom.
Tilbodet er lågterskel, og me ønsker særleg å nå dei som ikkje har eit tilbod frå før. Målet er at aktivitetane skal bidra til meistring, moglegheiter og meining i kvardagen. 
Gruppa kan vera inntil seks personar. Tilbodet vert på dagtid tysdagar, og oppstart er etter sommaren. Gruppa vil bli frakta med taxi til Torvholen.

På Torvholen gard er det aktivitetar knytta til gardsdrift, sesong og måltid og daglege turar i skogen.
Garden har eiga bemanning som er ansvarlege for tilbodet, og kommunen stiller med ein tilsett.

Kven er du?
Til dette søker me ein person som vil vera med i eit engasjement ut året. Stillinga tilsvarar ca 15 prosent.
Det er ein fordel om du har erfaring eller kunnskap om demens, og at du er villig til å delta i opplæring og fagleg oppdatering på feltet.
Du kan gjerne ha tidlegare arbeidserfaring frå gard, frå eit serviceyrke eller anna arbeid med folk.
Tiltreding etter avtale.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    31.07.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5796968
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 10.07.2024