Company
Ål KommuneApplication deadline
30.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4302968Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 06.01.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
80% fast stilling som koordinator for "Trygg Oppvekst"
Offentlig forvaltning
Flå, Hemsedal, Ål og Hol kommuner har ledig 80 % fast stilling som koordinator for Trygg Oppvekst Hallingdal. Stillinga er ei vidareføring av prosjektet «Systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn» med tilskot frå BufDir, som vart gjennomført i dei fire kommunane mellom 2017 og 2021. Prosjektet hadde som hovudmål å sikre betre førebygging og tverrfagleg innsats rundt born og unge, og mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
Prosjektet skal no over i drift, og me er på utkikk etter ein koordinator som kan vere med på å utvikle «Trygg oppvekst Hallingdal» vidare.
Stillinga er knytt til Hallinghelse, som er eit interkommunalt helsesamarbeid mellom dei seks kommunane i Hallingdal. Hallinghelse skal ta initiativ til, og koordinere, samhandlingstiltak på tvers av kommunegrenser innan helse og omsorg. Hallinghelse har base på Torpomoen, og Ål kommune er administrativ vertskommune for Hallinghelse.
Arbeidsoppgåvene vil vere:
- ha hovudansvaret for å implementere samhandlingsmodellen «Trygg oppvekst» i dei fire kommunane
- etablere og leie eit nettverk med Trygg oppvekst-ressurspersonar frå samarbeidskommunane.
- ha ansvar for innføring av stafettlogg som verktøy i det tverrfaglege samarbeidet i kommunane
- drive opplæring og rettleiing i samhandlingsmodellen for tilsette i barnehage, skule og helse
- arrangere samlingar og fagdagar om tverrfagleg samarbeid
- delta i interkommunalt samarbeid om betre tverrfagleg innsats, og samarbeid med spesialisthelsetenesta og/eller andre aktuelle aktørar
- bidra til at dei fire kommunane har oppdatere handlingsrettleiarar
- vere med på å utvikle kommunanes tenestilbod knytt til oppvekstreforma
- bidra til god organisering og samordning av kommunanes førebyggjande arbeid og tidlig innsats for barn og unge og deira familiar
Me søkjer deg som:
- har minimum 3-årig høgskuleutdanning eller tilsvarande
- har erfaring med tverrfagleg samarbeid i oppvekst og /eller i helse
- har erfaring med prosjektarbeid og prosjektmetodikk
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- har interesse og engasjement for å jobbe med førebyggande innsats
- ein god lagspelar og har stor evne til å arbeide sjølvstendig
- har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å få ulike faggrupper til å samarbeide
Me kan tilby:
- stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver
- eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidshverdag
- Løn etter avtale med kommunale løns- og tilsetjingsvilkår
- god barnehagedekning
- hjelp til å finne bustad
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.
Company
Ål KommuneApplication deadline
30.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4302968Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 06.01.2022