• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4302968
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

80% fast stilling som koordinator for "Trygg Oppvekst"

Offentlig forvaltning

Flå, Hemsedal, Ål og Hol kommuner har ledig 80 % fast stilling som koordinator for Trygg Oppvekst Hallingdal. Stillinga er ei vidareføring av prosjektet «Systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn» med tilskot frå BufDir, som vart gjennomført i dei fire kommunane mellom 2017 og 2021. Prosjektet hadde som hovudmål å sikre betre førebygging og tverrfagleg innsats rundt born og unge, og mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Prosjektet skal no over i drift, og me er på utkikk etter ein koordinator som kan vere med på å utvikle «Trygg oppvekst Hallingdal» vidare.

Stillinga er knytt til Hallinghelse, som er eit interkommunalt helsesamarbeid mellom dei seks kommunane i Hallingdal. Hallinghelse skal ta initiativ til, og koordinere, samhandlingstiltak på tvers av kommunegrenser innan helse og omsorg. Hallinghelse har base på Torpomoen, og Ål kommune er administrativ vertskommune for Hallinghelse.

Arbeidsoppgåvene vil vere:

  • ha hovudansvaret for å implementere samhandlingsmodellen «Trygg oppvekst» i dei fire kommunane
  • etablere og leie eit nettverk med Trygg oppvekst-ressurspersonar frå samarbeidskommunane.
  • ha ansvar for innføring av stafettlogg som verktøy i det tverrfaglege samarbeidet i kommunane
  • drive opplæring og rettleiing i samhandlingsmodellen for tilsette i barnehage, skule og helse
  • arrangere samlingar og fagdagar om tverrfagleg samarbeid
  • delta i interkommunalt samarbeid om betre tverrfagleg innsats, og samarbeid med spesialisthelsetenesta og/eller andre aktuelle aktørar
  • bidra til at dei fire kommunane har oppdatere handlingsrettleiarar 
  • vere med på å utvikle kommunanes tenestilbod knytt til oppvekstreforma
  • bidra til god organisering og samordning av kommunanes førebyggjande arbeid og tidlig innsats for barn og unge og deira familiar

Me søkjer deg som:

  • har minimum 3-årig høgskuleutdanning eller tilsvarande
  • har erfaring med tverrfagleg samarbeid i oppvekst  og /eller i helse
  • har erfaring med prosjektarbeid og prosjektmetodikk
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • har interesse og engasjement for å jobbe med førebyggande innsats
  • ein god lagspelar og har stor evne til å arbeide sjølvstendig 
  • har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å få ulike faggrupper til å samarbeide

Me kan tilby:

  • stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver
  • eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidshverdag
  • Løn etter avtale med kommunale løns- og tilsetjingsvilkår
  • god barnehagedekning
  • hjelp til å finne bustad

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.

 

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4302968
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.01.2022