Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
01.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6592709Se här för andra jobb från Vestnes kommune
Vestnes kommune
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Det er ledig 80% engasjement som miljørettleiar ved Tomrefjord skule og SFO skule ut skuleåret 2025/2026 frå 01.05 - 31.07.2026, med moglegheit for fast stilling frå 01.08.2026.
Vi søkjer etter miljørettleiar som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og gjennomføre tilpassa planar for elevar på skule og SFO, i tett samarbeid med faglærarar, føresette og kollegaer
- Tett oppfølging av elevar med særskilte behov
- Delta i møter knytt til elevar med særskilte behov
- Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- Legge til rette for eit godt læringsmiljømarbeid
- Rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Vernepleiarutdanning, eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljørettleiar
- Erfaring frå arbeid med barn er ønskeleg
- Erfaring med tilrettelegging for barn med nevroutviklingsforstyrring er ønskeleg
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Ha relevante digitale ferdigheiter
- Det blir stilt krav om politiattest
- Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er stabil og fleksibel
- Er fagleg engasert
- Har evne til å opptre som ein trygg og tydeleg vaksen
Vi tilbyr
- Allsidige utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Løn etter gjeldande regelverk
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsproses. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
01.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6592709Se här för andra jobb från Vestnes kommune
-
80% fast stilling som miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
Inntil 2 x 100 % vikar undervisningsstilling - Tomrefjord skule
Vestnes kommune
Tomrefjord -
Språkassistent - 60 % engasjement - Skuleåret 2026-2027
Vestnes kommune
VESTNES -
Tilkallingsvikarar - Helland barneskule og SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
Vikariat matematikklærar
Vestnes kommune
VESTNES