Company
Sogndal kommuneApplication deadline
28.02.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3465904Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 10.02.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
75% fast stilling som sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
75% fast stilling som sjukepleiar i heimetenester avdeling Sogndal.
Tre-delt turnus med arbeid 3.kvar helg.
Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
· Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
· Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica
· Lindrande behandling
· Rådgjeving/rettleiing av kollegaer/studentar og pasient/pårørande
· Velferdsteknologi
· Kvardagsrehabilitering
· Tverrfagleg samarbeid med ulike profesjonar
Kvalifikasjonar:
· Bachelor i sjukepleie
· Må beherske norsk skriftleg og munnleg
· Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
· Samarbeidsevner for å nå felles mål
· Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
· Løysning/utviklings orientert
· Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
· Skape tillit og aksept
· Lojalitet
· Fagleg engasjert
· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt. Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Løn etter tariff
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
28.02.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3465904Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 10.02.2021