• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    01.02.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4959164
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 17.01.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vestnes kommune

50 % engasjement stilling ved Helsestasjonen

Offentlig forvaltning

 

Stillingstype
Engasjement - 50 % stilling ved helsestasjonen- som er ein del av eininga for Barn, ungdom og familie. Stillinga vil vere knytt opp imot arbeidet med flyktningar. Stillinga er ledig frå snarast og ut 2023.

Arbeidsstad
Helsestasjonen i Vestnes består av helsesjukepleiar, jordmor, lege, fysioterapeut og merkantil personale. Tenesta skal ivareta det heilheitlege førebyggjande og helsefremjande arbeid retta mot barn og unge  0-20 år og deira familiar, og gravide som ynskjer å gå til svangerskapskontroll i tilknyting til helsestasjonen

Arbeidsoppgåver

Arbeid med busette familiar med fluktbakgrunn, som har barn i alderen 0-18 år. Det vil vere fokus på gjennomføring av helsesamtale etter ankomst og oppfølging ved behov. Dette kan innebere oppgåver som:

  • Foreldrevegleiing
  • Individuelle samtalar
  • Heimebesøk
  • Samarbeid med andre utøvande tenester, herunder spesialisthelsetenesta.

Kvalifikasjonar

Helsesjukepleiar, eller anna 3 årig helsefagleg utdanning, gjerne med relevant vidareutdanning innafor fleirkulturell forståing. Kompetanse i ICDP vegleiing er ein fordel.

  • Du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg- minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • Du må ha god kommunikasjonsevne
  • Du må ha førekort kl. B.
  • Datakunskap.

Personlege eigenskapar

  • Du er stabil og fleksibel
  • Du er fagleg engasjert
  • Du har godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn i høve gjeldande avtaleverk
  • Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
  • Fagleg utvikling etter kompetanseplan


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

 

 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    01.02.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4959164
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 17.01.2023