Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
28.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6061950Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
2x100% fast fagstilling Indre Nordmøre barneverntjeneste
Brannvesen
Indre Nordmøre barneverntjeneste for kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Sunndal har ledig to faste 100% fagstillingar.
Vertskommune for samarbeidet er Surnadal kommune, og barneverntjenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og i Surnadal.
Barneverntjenesta er organisert i tre team, med ein teamleiar på kvart team:
- To team, eit i Surnadal og eit i Sunndal, som arbeider med undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime. Begge teama har eigen teamleiar.
- Eit team som arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling etter lov om barneverntjenester
- Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, også i nært samarbeid med andre
- Utstrakt kontakt med barne og foreldre/foresatte, der medverknad bli vektlagt
- Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
- Forberede, gjennomføre og følge opp saker i fylkesnemd og andre rettsinstansar
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, aller helst mastergrad
- Anna relevant bachelorgrad kan vere aktuell
- Ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
- Du må ha førarlort kl.B og disponerer eigen bil, men vi har også tenestebilar tilgjengeleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn 3 månader.
Det vil frå 1.jaunar 2031 bli stilt krav om barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Kompetansekravet er også oppfylt av personar med relevant bachelorutdanning og som innan januar 2031, kan dokumentere minst 4 års arbeidserfaring frå barnevernet og som har gjennomført ei barnevernfagleg eller anna relevant vidareutdanning med minst 30 stp.
Surnadal kommune vil vere med og legge til rette for at kompetansekravet som kjem i 2031 kan realiserast.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi ønskjer at du har:
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert og er handlekraftig
- er god på kommunikasjon og greier å få til samarbeid
- greier å stå i pressa situasjonar over tid og er i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
- framstår som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
- er venleg og imøtekomande, men samtidig tydeleg
- tenkjer heilheitleg og har stor arbeidskapasitet
- har god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.
Hos oss får du:
Faglege utfordringar og gode mulegheiter for å utvikle deg personleg og yrkesemessig i eit solid fagmiljø.
Vi legg til rette for ordningar som gjer det mogleg å fylle kompetansekrav som blir gjeldande frå 1.januar 2031.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff.
Flyttegodtgjersle kan innvilgast etter reglane i personalplanen.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
28.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6061950Se her for andre jobber fra Surnadal kommune