Company
Alver kommuneApplication deadline
02.12.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Alver
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4232466Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 22.11.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
2x Helsefagarbeidarar - 80 % og 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 2 faste stillingar i 80 % og 100 % fast som helsefagarbeidar, i turnus med arbeidd kvar 3. helg. Begge stillingane er ledig frå 6. desember 2021.
Om Habiliteringstenester i Alver kommune
Habiliteringstenester i Alver kommue gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlastnig for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenester finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar
Om Hannesvegen bustader
Hannesvegen bustader er ei avdeling med fleire bustadgrupper som alle er lokalisert sentralt på Manger. Tømmerdalen er ei av bustadgruppene, og er heimen til 6 personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av eit sterkt engasjement for bebuargruppa, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både bebuarar og kvarandre.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Råd og rettleiing
- Følgje opp rutinar
- Dokumentere i pasientjournal
- Helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
Kompetansekrav
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Førarkort Klasse B
- Beherske det norske språk, både munnleg og skriftleg
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå brukargruppa.
- God fagkunnskap og evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
- Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til tenestemottakar og kollegaer
- Evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte tenestemottakar i sårbare situasjonar på deira utviklingsnivå
Personlege eigenskapar
- Fleksibel
- Inspirerande og engasjert
- Du er ein tydeleg og trygg vaksen
- Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette
- God fysisk og psykisk helse
- Bidrar til trivsel på arbeidsplassen og eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
God pensjonsordning
Løn etter tariffavtale
Tiltreding etter avtale
Politiattest
I tråd med helse og- omsorgstenestelova § 5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
02.12.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Alver
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4232466Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 22.11.2021