Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6642318Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
23% fast stilling helgestilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på.
Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Bufellesskapet ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.
Stillinga er langvakter 4. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie.
- Ønskjeleg med relevant arbeidserfaring
- Ønskjeleg med sertifikat klasse B.
- Trygg.
- Løysingsorientert.
- Fleksibel.
- Strukturert.
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik:
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn.
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn.
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn.
- Du må dokumentere kor langt du er komen i studie.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6642318Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Faste helgestillingar ledige
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar/Sjukepleiarstudent til Helgestillingar 18-20% fast
Øygarden kommune
Ågotnes -
100% vikariat som miljøterapeut
Øygarden kommune
Skogsvåg -
100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar
Øygarden kommune
Skogsvåg