• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    15.10.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5897277
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

2 stillingar som helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø?

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Somatisk avdeling har 26 pasientar. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtids-pasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi har eigne kjøkken-assistentar på kvar gruppe 3-4 dagar i veka, og vi har aktivitør ein fast dag i veka. I tillegg har vi frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og tilretteleggjar for kjekke aktivitetar i kvardagen.

Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har rullerande festkomité, så vi har det kjekt i lag på jobb og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.

Arbeidsoppgåver:
  • Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med service assistentar.
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege.
  • Rettleie lærlingar og elevar
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering
  • Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar: 
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Relevant erfaring
Må ha:
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
  • Gyldig politiattest 
Eigenskapar:
  • Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du er løysningfokusert og engasjert,
  • Du er fleksibel,  positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna:
  • Det er no ledig ei stilling på 70% fast og ei på 90% fast. 

  • Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse. Ved ønskje om større stilling kan timebank bli vurdert.

Vi tilbyr deg:
  • Variert arbeid i positivt inkluderande miljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Faglege utfordringar
  • Gratis parkering
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
Kontakt:

Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ynskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    15.10.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5897277
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune