• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891941
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 25.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

2 Sjukepleiarar i 16% stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Sotra legevakt er ei 24-timers legevakt. Vi er godt organisert og har eit godt arbeidsmiljø.

Legevakta har nye og moderne lokale i Øygarden lokalmedisinske senter, sentralt plassert på Straume.

Vi nyttar anerkjende støtteverktøy som Norsk medisinsk indeks / legevaktsindeks og SATS Norge til pasienttriage. Journalsystemet vårt er Infodoc.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Svare og triagere pasientkontaktar
  • Enkelt laboratoriearbeid
  • Assistere legen
  • Diverse forfallande arbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B
  • Gode IKT kunnskapar

Ønskjeleg med:

  • Relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå legevakt
  • Minimum fire års erfaring som sjukepleiar

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons evne
  • Kunnskapsrik
  • Sjølvstendig
  • Påliteleg
  • Evne til å handtere akutte hendingar

Anna

Vi legg stor vekt på at du er personleg egna til stillinga. Stillinga er 3.kvar helg. Moglegheit for ekstravakter.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit tillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891941
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 25.11.2022