• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    29.03.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5073570
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 16.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hå kommune

2. gongs utlysing lærarstillingar august 2023

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune har ledige lærarstillingar frå 1.8.2023 på følgande skular:

  • Nærbø ungdomsskule: 100% vikariat, kontaktlærar på 9. trinn med engelsk som fag.
  • Bø skule: 100% fast og 200% vikariat, fortrinnsvis 1-4 trinn, kontaktlærar.
  • Motland skule: 450% faste og vikariat, to kontaktlærarar.
  • Høyland skule: 200% vikariat, 5-7 trinn, kontaktlærar.
  • Varhaug skule: 100% vikariat, 3. trinn, kontaktlærar.
  • Vigrestad skule: 200% fast og vikariat, 1-4 trinn, kontaktlærar.

Hå kommune er ein god arbeidsplass for deg som vil undervise i grunnskulen. Me har oppdatert læreverk etter ny læreplan, og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Fleire av skulane har nye eller oppgraderte skulebygg.

Skulane våre er veldrivne og prega av samarbeidskultur og profesjonsfellesskap. Du vil få god opplæring og rettleiing som ny. Nyutdanna lærar får rettleiing i to år. Det første året med nedsett tid og eigen rettleiar på skulen, det andre året i grupper på tvers av skular. Over tid kan du søke om vidareutdanning for å bygge på din undervisningskompetanse.

Skulane i Hå, er saman med Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane. Kommunen samarbeider og med næringsliv og Ungt entreprenørskap for å gjere undervisning enda meir relevant og spennande for elevane.

Åtte av våre ni grunnskular ligg langs jernbanen, og det er perfekt viss du ønsker å pendle med tog. Vil du bruke bil, har me gratis parkering ved alle skulane våre.

Kvalifikasjonar og kompetanse
Dersom du har godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen og relevant fagkompetanse, kan du søke arbeid hos oss. Me er på jakt etter engasjerte lærarar som har evne til å formidle, samarbeide, skape dialog, bygge relasjonar og til å lede klassar og grupper.

Kontaktpersonar
Dersom du ønsker meir informasjon om arbeid i Hå kommune, kan du ta kontakt med skulesjef eller med rektor på den enkelte skule:

  • Bø skule: Ingrid Marie Særheim (rektor), 415 32 694
  • Høyland skule: Toril Øgreid (rektor), 992 75 250
  • Motland skule: Synnøve Helleren Malmin (rektor), 901 32 555
  • Nærbø ungdomsskule: Linda Hadland Forsmo (rektor), 920 17 187
  • Ogna skule: Helge Håland (rektor), 415 32 615
  • Varhaug skule: Johan Omland (rektor), 415 32 693
  • Varhaug ungdomsskule: Kris Georgsen (rektor), 906 90 132
  • Vigrestad skule: Ingrid Vold (rektor), 930 97 130
  • Vigrestad storskule: Seri Refsnes (rektor), 415 32 656

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende og utenlandske attestar må vera oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    29.03.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5073570
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 16.03.2023