Ledigt jobb

Øygarden kommune

100% vikariat som rådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Vil du være ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å  gjere forskjell i menneske sine liv? NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit  moderne lokale sentralt på Straume.

Stillinga er for tiden lagt til Avd Arbeidsinkludering og vil få ansvar for å gje heilskapleg og  arbeidsretta oppfylging av flyktningar som har fullført introduksjonsprogram

Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg rettleiing og oppfølging av brukarane i deira prosess mot arbeid, utdanning eller aktivitet
  • Kartlegge ressursar , moglegheiter og behov
  • Oppsøke og følgje opp hos arbeidsgjevarar, skape relasjonar og finne moglegheiter
  • Nav er i stadig endring og omstilling, Du må derfor rekne med endring av arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Relevant høgskule eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring frå  og motivasjon for arbeid med minoritetsspråklege
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeidsretta oppfylging
  • Kjennskap og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
Eigenskapar:
  • Du har kunnskap om og toleranse for menneske med ulik bakgrunn og kultur
  • Du er fleksible, har god arbeidskapasitet og liker å være på farten
  • Du er ein lagspelar og bidrar positivt til et godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Anna:

Vikariatet har ein varigheit til 31.12.27 med moglegheit for lenging.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt

Fungerande avdelingsleiar Ingvild Angell Bakke tlf  9308 3272 eller mail: Ingvild.angell.bakke@nav.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.