Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6649911Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
100% vikariat som barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk!
Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1300 medarbeidarar. I Sogndal kommune er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God - Nysgjerrig.
Det er ledig stilling i eitt års vikariat som barnehagelærar i Nybø barnehage i Sogndal kommune.
Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Barnehagen ligg like ved riksvegen med busstopp rett ved begge einingane. Det er gode buss samband mellom Sogndal sentrum og Leikanger, og mellom Balestrand og Leikanger. Busstidene passar bra med opningstida til barnehagen.
Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Nybø barnehage har inneverande barnehageår 53 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2026/2027 er friluftsliv og matglede.
Barnehagen har 16 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Nybø barnehage har ledig 100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.2026 - 31.07.2027.
Arbeidsoppgåver:
• Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø.
• Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det
pedagogiske arbeidet.
• Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet i teamet vårt.
• Fagleg leiing, medleiing og drift av avdeling i barnehagen.
• Bidra til eit godt samarbeid med føresette.
• Ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar.
Kvalifikasjonar:
• Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev
barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
• Du må kunne nytte IKT i arbeidet og vere villig til å del i den teknologiske utviklinga.
• Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.
• Menn vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar vert vektlagde:
• Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.
• Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar.
• Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar.
• Gode samarbeidsevner og fleksibel.
• Taklar høgt tempo i kvardagen.
• Godt humør.
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode høve for å ta del i utvikling av barnehagen, fagleg og personleg.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar .
· Gode velferdsordningar.
Satsingsområda til barnehagen er;
- Overgang barnehage – skule
- Robuste barn og unge – livsmeistring
- Inkluderande barnehagemiljø
- Lesing
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som vidareutviklar av Nybø barnehage.
Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - SOGNDAL KOMMUNE
Nybø barnehage - SOGNDAL KOMMUNE
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6649911Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Helsefagarbeidarar til korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barne- og ungdomsarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Styrar Langevåg barnehage
Sula kommune
LANGEVÅG -
Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
Sogndal kommune
SOGNDAL