Ledig stilling

Øygarden kommune

100% Rådgjevar plan

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune skal vere ein aktiv samfunnsutviklar. Ønskjer du å bli ein del av eit team i ein kommune som er kjent for å vere framoverlent og utviklingsorientert? Trivst du i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg.  

Om avdelinga:

På eininga er det 17 engasjerte tilsette med brei fagleg kompetanse. Eininga har både detaljreguleringar og overordna planar etter plan- og bygningslova i planporteføljen. I tillegg ligg geodata og utviklingsoppgåver til eininga. Oppgåvene våre er relatert til arbeidsoppgåver som skal styrke både kunnskap- og plangrunnlaget for samfunnsutvikling i kommunen, og ESRI-programvare er sentralt i arbeidet med analyse og formidling av kunnskap.

Eininga har i stor grad ei samordnande rolle og jobbar tverrfagleg med andre einingar og avdelingar i kommunen. Vi har også eit utstrekt samarbeid med regionale og lokale utviklarar og samarbeidspartar.

Vi har fokus på å vera framoverretta i arbeidsoppgåvene våre og jobbar for heilskaplege løysingar som sikrar ei berekraftig forvaltning av kommunen sine verdiar og utviklingspotensiale. Gjennom ny arbeidsprosess for arealdelen til kommuneplanen søker ein å oppnå meir kvalitet og berekraft i planlegginga av kommunen. På felta planvask, næringsplanlegging og gjennomføring av planprosessar er avdelinga langt framme nasjonalt. Dei viktigaste oppgåvene for avdelinga dei kommande åra er arealdelen til kommuneplanen, sentrumsutvikling på Straume og legge til rette for ei grøn omstilling av næringslivet i kommunen.

Arbeidsoppgåver:
  • Rettleiing og behandling av private og offentlege reguleringsplanar
  • Prosjektleiing i offentlege arealplanar og tematiske delprosjekt, samarbeid og dialog med hovudfokus på næring og utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid for å utvikle fagmiljøet i kommunen
  • Oppfølging av næringslivet i planprosessar og delta i næringsnettverk og samarbeid med næringssjefen
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Masterutdanning innan t.d.  berekraftig samfunnsutvikling, fysisk planlegging, areal og eigedom, industriell økologi, fornybar energi by- og regional planlegging, landskapsarkitektur, geografi, ingeniør.
  • Minimum to års erfaring frå stillingar i offentleg/privat verksemd med tilsvarande oppgåver og kjennskap til plan- og bygningslova.
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.  
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå næringsplanlegging i offentleg eller privat regi og/eller næringslivet
  • Relevante tilleggsutdanningar, t.d. innan berekraftig samfunnsutvikling, fornybare løysingar, berekraft, samfunnstryggleik, prosjektleiing og planjuss
Personlege eigenskapar:
  • Samfunnsengasjert
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Løysingsorientert
  • Vera strukturert og sjølvstendig
  • Evna til raskt å setja seg inn i nye oppgåver
Vi tilbyr:
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • 100 % fast stilling, arbeidsstad er på Straume med høve til fleksibel arbeidstid og heimekontorløysing
  • Løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt:

Einingsleiar plan

Lena Svalastog Garnes

Epost: lena.garnes@oygarden.kommune.no

Telefon: 56 16 01 88

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.