Ledigt jobb

Øygarden kommune

100% pedagogisk leiar i mellombels stilling.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om barnehagen:

På ei lita øy, eit steinkast frå Bergen/Loddefjord ligg det ei barnehage med 5 avdelingar. Vi har gode turmoglegheiter rett utanfor porten, og vi er i nærleiken av sjøen -så det er ein viss fare for at ein kan møta på ein sjørøvar eller to! Bjorøy barnehage jobbar systematisk med Dinoskulen, vi har god kompetanse innan DUÅ og har fokus på sosialkompetanse. Vi er ein barnehage der barna elskar å hoppa i vasspyttar, ein barnehage der mangfald og inkludering er i fokus. Leiken blir dyrka kvar dag. Er du ein pedagogisk leiar som kunne tenkja deg å prøva ut vasspyttane på Bjorøy? Leie avdelinga ut på nye eventyr? Då er det berre å søkja hos oss. Og viss du ønskjer å vita meir om oss, ta gjerne kontakt med styrar.

Vi har ledig mellombels stilling 100% i 6 mnd., med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med dei andre i personalet
  • Bidra til å utvikle Bjorøy barnehage for framtida
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • Godkjent barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Kjennskap til Dei utrolige årene og barnesamtalar
  • Kjennskap til tilknytingsteori og Circle of security
Personlege eigenskapar:
  • Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
  • Du må like utfordringar og være endringsvillig
  • Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre
  • Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du er fagleg kompetent som du omset i praksis
  • Du har ein driv og evne til å jobbe godt under press
Vi tilbyr:
  • Ei spanande jobb i eit engasjert team
  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagleg miljø
  • Motiverte og kreative medarbeidere
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
Kontakt: 

Styrer:  Katja Morvik, 90560466

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.