Company
Ål KommuneApplication deadline
06.07.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6272902Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
100 % pedagogisk leiar i Ål kommune
Offentlig forvaltning
Ål kommune har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.25, for tida ved Skattebøl barnehage.
Skattebøl barnehage har frå hausten 2025 fire avdelingar, plassert i to bygg tett i nærleiken av kvarandre. Desse bygga ligg i eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærområdet. I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.
Skattebøl barnehage ynskjer frå hausten 2025 å sjå på moglegheitene for å drive ei avdeling med ekstra fokus på å vera ute. Vi ser etter ein som også har interesse for å ta barna med på å oppleve dei ulike årstidene, leike i skogen, utforske nærmiljøet og oppleve læring og sosialt samspel ute i naturen.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Kvalifikasjonar:
· Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
· Heldt deg fagleg oppdatert
· Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
brenn for barnehageyrket og barnas beste
er glad i barn og har evne til å arbeide arbeide tett på barna
er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
Vi tilbyr
· ein barnehage med eit god fagleg miljø
· ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
· meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
· pensjonsordning i KLP
· lønn etter gjeldande tariffavtale
· arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
· gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
For nærmare opplysningar, kontakt
- styrar Grete Toril Hagen på tlf 40918118 eller
- barnehagefagleg rådgjevar Marie Bjørke tlf 47635450
Søknadsfrist 6. juli 2025
Company
Ål KommuneApplication deadline
06.07.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6272902Look here for other jobs from Ål Kommune