Ledig stilling

Ål Kommune

100 % pedagogisk leiar i Ål kommune

Offentlig forvaltning

Ål kommune har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.25, for tida ved Skattebøl barnehage.

Skattebøl barnehage har frå hausten 2025 fire avdelingar, plassert i to bygg tett i nærleiken av kvarandre. Desse bygga ligg i eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærområdet.  I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no

Skattebøl barnehage ynskjer frå hausten 2025 å sjå på moglegheitene for å drive ei avdeling med ekstra fokus på å vera ute. Vi ser etter ein som også har interesse for å ta barna med på å oppleve dei ulike årstidene, leike i skogen, utforske nærmiljøet og oppleve læring og sosialt samspel ute i naturen.

Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

Kvalifikasjonar:
· Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
· Heldt deg fagleg oppdatert
· Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage

Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

brenn for barnehageyrket og barnas beste
er glad i barn og har evne til å arbeide arbeide tett på barna

er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
gode kommunikasjon- og samarbeidsevner

kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)

Vi tilbyr
· ein barnehage med eit god fagleg miljø
· ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
· meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
· pensjonsordning i KLP
· lønn etter gjeldande tariffavtale
· arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
· gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning

For nærmare opplysningar, kontakt

  • styrar Grete Toril Hagen på tlf 40918118 eller
  • barnehagefagleg rådgjevar Marie Bjørke tlf 47635450

Søknadsfrist 6. juli 2025