Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
22.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6589581Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
100 % fast stilling Vernepleiar / sjukepleiar - Pollhaugen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga
Pollhaugen er eit bu-tiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Dei har ulike behov for støtte og helsehjelp, samt ulike diagnosar.
Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, nær kollektivtransport og kommunedelsenter. Vi er ei tverrfagleg gruppe med vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag med trivsel, sjølvråderett og meistring.
Arbeidsoppgåver- Utføra målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp.
- Dokumentera i fagjournal.
- Koordinera og leggja til rette tenester.
- Ha medisinsk ansvar.
- Følgja opp oppgåvene til primærkontakt, mellom anna oppfølging av tenestemottakar, kontakt med pårørande, tiltaksplanar og kartlegging.
- Organisera arbeidsplan.
- Arbeida med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming.
- Følgja opp vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Vernepleiar eller sjukepleiar.
- God kompetanse i arbeid med personar med autisme.
- God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Kompetanse på medikamenthandtering.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B
- Evne til å samarbeida og arbeida sjølvstendig.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta.
- Engasjement for fag og brukargruppa.
- Evne til å byggja gode relasjonar.
- Evne til å koordinera, kartleggja og leggja til rette tenester for personar med utviklingshemming.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
AnnaAv stillinga på 100% er 11% lagt i timebank.
Du må leggja fram gyldig politiattest ved tilsetjing.
Arbeid kvar tredje helg, med kombinasjon av langvakter og ordinære vakter opptil 13,5 timar.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Ein meiningsfull og gjevande arbeidskvardag.
- Varierte og interessante faglege utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån.
- Fredrik Degerman, avdelingsleiar Pollhaugen – mobil 488 60 948
- Kristin Straume, einingsleiar MMNF – mobil 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
22.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6589581Se här för andra jobb från Øygarden kommune