Company
Ål KommuneApplication deadline
07.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6019047Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
100% fast stilling som pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning
Frå 16.06.25 er det ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Ål kommune, pt Sando barnehage.
Sando barnehage er ein kommunal barnehage med 48 plassar delt på to avdelingar.
Vi legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – kvar dag.
Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette. Men først og fremst må du like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Vi ser etter ein pedagogisk leiar som:
- fremjar leik som den viktigste delen av barna si utvikling
- inspirerer til læring gjennom uteaktivitetar, og ser verdien av å bruke naturen som ein arena for meistring og oppleving
- har høg fagleg kompetanse og evne til å omsette teori til praksis som bidreg til barnehagen sitt utviklingsarbeid
- skapar gode og trygge relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- er ein trygg og tydeleg leiar som kan motivere og støtte personalet, og som har god gjennomføringsevne
- har eit sterkt engasjement for barnas trivsel og utvikling og bidreg med nye idear og perspektiv
- dyktig til å samarbeide og kommunisere med både personalet og føresette
- deler barnehagen sine verdiar og mål, med fokus på tryggleik, omsorg og fellesskap
Kvalifikasjonar
- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
- ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
- dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vere aktuelle
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- brenn for barnehageyrket og det beste for barna
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- barnehage med sterkt utviklande og fagleg miljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
- stillingsprosent ut frå ønske/behov
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Company
Ål KommuneApplication deadline
07.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6019047Look here for other jobs from Ål Kommune