Company
Gol kommuneApplication deadline
01.10.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4092240Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 11.09.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gol kommune
100 % fast stilling som miljøarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Kristenbråten og Helsetunvegen. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.
Vi legg vekt på brukarmedvirkning i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og eit godt liv for den einskilde bebuar.
Stillinga som miljøarbeidar er knytt til bebuarar i Helsetunvegen.
Stillinga har arbeidstid i todelt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
• Bidra til å skape tryggleik i bebuarane sine bustader og leggje til rette for daglege gjeremål for dei
• Delta i aktivitetar i bebuarars kvardag
• Følgje opp dei individuelle vedtak som er knytt til helse, daglege gjeremål og fritid.
Kvalifikasjonar:
• Helsefagleg kompetanse
• Sertifikat klasse B
Vi søkjer ein person som (personlege eigenskaper):
• Har kjennskap til menneske med psykisk utviklingshemming
• Har gode samarbeidsevner
• Er løysingsorientert
• Er positiv og engasjert
Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid og gode kollegaer
For stillinga gjeld:
• Løn etter gjeldande tariffavtalar
• Gode pensjonsordningar
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Det vil bli kalla inn til intervju. Det blir lagt på å vera personleg egna
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Company
Gol kommuneApplication deadline
01.10.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4092240Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 11.09.2021