Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Innlandet fylkeskommune

Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i rettslære (vikariat)

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig 82% vikariat undervisningsstilling i rettslære for perioda 01.10.2023 - 31.07.2024

Vi søkjer deg som

  • er god på relasjonsbygging og samarbeid
  • sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i ein delingskultur
  • god fagleg- og digital kompetanse
  • evner å planlegge og gjennomføre opplæring som sikrar  læringsprogresjon for alle elvar
  • er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis og faga dine
  • har eit positivt elevsyn

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader
  • vår visjon: “gode forbilde formar framtida”
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • lokaler og undervisningsutsyr med høg kvalitet
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • rettslære 1 VG2 studieførebuande program  2 grupper
  • rettslære 2 VG3 studieførebuande program
  • 82% vikariat i perioda 01.10.23 - 31.07.24

Arbeidsoppgåver

  • undervise og rettleie elevar i si læring
  • samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar rundt fag og elevar
  • pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra og delta i skulen sitt utviklingsarbeid

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • pedagogisk utdanning med relevant fagleg fordjupning i faget 

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.