Bedrift
Innlandet fylkeskommuneSøknadsfrist
09.04.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2325, HAMAR
HAMAR
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5650151Se her for andre jobber fra Innlandet fylkeskommune
- Oppdatert 21.03.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Innlandet fylkeskommune
Vinstra vidaregåande skule - undervisningsstilling i bygg og anleggsteknikk (årsvikariat)
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 70% årsvikariat som faglærar i bygg- og anleggsteknikk i perioda 01.08.24 - 31.07.2025
Vi søkjer deg som
- er oppteken av kvalitet i arbeidet
- er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
- skapar gode relasjonar med elevar og kollegaer
- liker å arbeide i eit miljø med ungdom
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
- eit godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
inntil 70% årsvikariat
- ledig frå 1/8-24
- faglærar i programfag på vg1 bygg og anleggsteknikk. Eventuelt undervisning på vg2 betong og murarfag eller tømrarfag
- undervise for elevar med behov for ekstra tilrettelegging
Arbeidsoppgåver
- faglærar i programfag, teori og praktisk arbeid innafor fagområdet byggfag
- ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i tråd med skulens kvalitetssystem, læreplanar og aktivitetsplanar
- arbeid i team og tverrfagleg samarbeid om undervisning og rettleiing
- samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjar
- ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga
Kvalifikasjonskrav
- fagbrev innafor eit av fagområda: tømrarfag, betongfag eller murarfag
- teknisk fagskole eller ingeniørhøgskole er ein fordel, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning
Ønskte eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- serviceinnstilt og imøtekommande
- fleksibel og løysningsorientert
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Bedrift
Innlandet fylkeskommuneSøknadsfrist
09.04.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2325, HAMAR
HAMAR
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5650151Se her for andre jobber fra Innlandet fylkeskommune
- Oppdatert 21.03.2024