Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Innlandet fylkeskommune

Vinstra vidaregåande skule - Bibliotekar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 90% fast stilling som bibliotekar frå 01.09.2024

Vi søkjer deg som

liker å arbeide med ungdom og ser alle!
er god på relasjonsbygging og samarbeid
kan bidra med kreativitet og kompetanse
sjølvstendig, samarbeidsviljug, systematisk og strukturert
god fagleg- og høg digital kompetanse
ønsker å jobbe i eit aktivt og framtidsretta skulebibliotek
er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis
har eit positivt elevsyn

Vi tilbyr

  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader

  • vår visjon: “gode forbilde formar framtida”
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • lokaler og undervisningsutsyr med høg kvalitet

 

Om stillinga

  • inntil 90% fast stilling som bibliotekar
  • fri i alle skuleferiar, med unntak av ei veke før skulen startar og ei veke etter skulen sluttar
  • skulebiblioteket er samlokalisert med IKT og er ein integrert del av skulens pedagogiske verksemd

 

Arbeidsoppgåver

  • dagleg drift og utvikling av skulebiblioteket
  • ansvar for innkjøp, utlån og administrering av alle typar læremiddel
  • informasjonsarbeid ved skulen
  • støtte for lærarar og elevar ved ulike prosjekt og i ulike fag
  • samarbeid med skulen sin miljøkoordinator om ulike opplegg retta mot skulemiljøet
  • utvikle skulebiblioteket til ein god arena for læring, utforsking og kreatvitet

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • godkjent bibliotekfagleg utdanning på universitets- eller høgskolenivå eller tilsvarande utdanning som til dømes skulebibliotekarutdanning
  • tidlegare praksis frå bibliotek
  • høg digital kompetanse
  • ønskeleg med relevant kompetanse og erfaring innafor pedagogisk bruk av ulike læremidlar og digitale verktøy
  • kunne bruke  systemet Micromac.  Overgang til Cicero i 2025

Ønskte eigenskapar

  • viser evne og vilje til å samarbeide med skulens pedagogar og elevar
  • tek initiativ og ser moglegheiter å utvikle skulens bibliotek
  • viser kreativitet
  • gode formidlingsevner

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.